lax.gif (21532 bytes)RedLogo.BMP (485046 bytes)InnFisk A/S

InnFisk A/S

Storruse 

Skisse

Flyteruse

Kultiveringsruse

Foto 

Kurs

English

 

Jon Løyland

4737 Hornnes

BD04914_.WMF (9186 bytes)

Mobil 90625194

 

     Storruse             wpe5.jpg (6533 bytes)

 

Beskrivelse av konstruksjon og bruk.

Storruse eller botengarn som det også kallast er eit passivt fiskereiskap som fangar effektivt alle wpe71770.gif (34073 bytes)

ferskvannsfiskeartar i Noreg. Reiskapen har sitt opphav i Sverige og vart fyrste gongen prøvd i Noreg i 1995. Etter dette er ruser prøvd på dei fleste fiskeslag på forskjellige lokalitetar i Sørnoreg.

Konstruksjon.

I motsetning til garn er storrusa basert på prinsippet at fisken skal sjå nettet og verte leia inn i rusa. Rusa består av eit ledegarn som står ut i frå land og dekker i frå boten til overflata i heile si lengde. Ledegarnet leder fisken ut i det første fanngstkammeret som er to vingar, deretter ein firkant som går over i ein hals som leder inn i fangstrome. Den ytterste delen er laga med fleire kammer som vert trongare utover til fisken er låst i det ytterste fangstrommet.

Bruk.

Storrusa settes ut om våren etter isløysing. Utsettinga tek frå to til ti timar, alt etter kor stor rusa er, for to mann med kvar sin båt. Når rusa er sett ut kan den stå på same plassen heile sesongen med tømming ein til to gonger i veka. Sjølve tømminga tek omlag eit kvarter avhengig av mengde. Er det under 30kg i rusa kan den tømast ret i ei balje, men er det meir må det brukast hov. Til utsetting av rusa er det ein fordel med ein båt på minimum 15 fot og15hk motor. Vanleg tøming kan gjerast med robåt. Rusa kan stå ute så lenge det er isfritt. Opptaking går på mellom ein og fem timar. Rusa fiskar alle størelser på fisken frå om lag 50 gram og oppover og er derfor eigna til kultiveringsfiske. Den fangar fisken levande slik at fisk under eller over bestemte mål og arter ein ikkje ynskjer fangst på kan setjast ut att. Rusa kan og brukast i elvestrekkningar der straumen ikkje er for sterk.

Val av storleik.

Når ein skal velje storleik på rusa må ein vere godt kjent på staden det skal fiskast. Det gjeld å finne stader der fisken trekker. Det som er kjent som gode plasser og ikkje for djupt, då det er djubde og lengde som avgjer prisen.

Pris.

Prisar på ruser vil variere frå om lag 20 000,-kr for ei ruse på 2m djubde og lengde på 60m. Til om lag 85 000,-for ei ruse på 10m djubde og lengde på om lag 130m. Ein må og rekne med utgifter til utsetting første gongen og opplæring. Dette er ca. priser uten moms og avgifter.

 jumpfish.gif (7706 bytes)

New-3.jpg (175896 bytes)